Skrog og rigg
Skroget er i utgangspunktet som for ein råseglbåt av denne typen, men er bygd opp med eitt ekstra rip-bord for å tåle den ekstra krenginga riggen gir. Båten er listrifisert, dvs det går vaterbord langs heile ripa. Det er drøyt 120 kg ballast, to par årer samt påhengsmotor i innvendig brønn. Riggen består av storsegl, fokk og klyver, og gir stort fartspotensiale. Ein kjem greitt opp i 5-7 knop ved frisk bris.
 
Fakta om Auskaret
Gammel-auskaret
Dagens Auskaret er basert på Gammel-Auskaret (også kalla gammel-Listern), ein omlag 100 år gamal listrifiser Åfjordsbåt. Denne vart ombygd av Helmer og Hans Jørgen Hanssen på Uthaug. Auskaran, som i starten heitte Listergruppa, inngjekk fadderordning for Gammel-Auskaret i 1991. Båten fekk store skader etter uver i 1996, og vart sidan brukt som mal ved bygging av Auskaret.
 
Nokre lekkjer
 
 
Auskaret (også kalla Listeren) vart bygd av båtbyggarlærar Lars Stålegård og elevar ved Fosen Folkehøgskule, og vart sjøsett sommaren 2000. Auskaret er ein Åfjordsbåt av typen halvfjerdrømming, dvs den har tre og eit halvt rom. I moderne mål tilsvarar dette omlag 26 fot.